2015: Årets Staude

Verbascum nigrum var. album
Kvit mørkkongslys

Vekstform: Tett, låg rosett av store mørkegrøne blad. Høgreist, vanlegvis ugreina stengel med lange blomsterspir. Kvite, små blomar med mørk fiolett midte. 7-120 cm høg med blomsterspir.

Prydverdi: Den tydelege opprette vekstforma gjer at planta har stor prydverdi, og er lett å kombinera med mange andre vekstar. Lang blomstringstid, juli til september. Frøstandane skapar vakre vintersilhuettar. Den sterke vertikale vekstforma, dei lysande kvite blomsteraksa og dei brune frøstandane gjer denne planta svært verdifull i ei samplanting.

Vekseplass: Trivst i full sol. Vil ha godt drenert, men næringsrik jord. Toler ein del turke. Passar godt i naturlike plantinar.

Naboplantar: Let seg lett kombinera med mange planter. Feks. sortar av aster, stjerneskjerm, kuletistel, solhatt, haistbergknapp, oregano-artar. Prydgras som ulike sortar Sesleria, fjørgras og Calamagrostis brachytricha. Kan og vera fin i grupper mellom læge vintergrøne busker som f.eks. sortar av blåeiner.

Anna: Den reine arten av mørkkongslys er viltveksande over store delar av Norge, og har gule blomar. Verbascum nigrum var. album er ein variant av denne. Medan dei fleste artane i Verbascum-slekta er toårige, er denne fleirårig.

2015

Comments are closed