Beskrivelse
Kransveronika ‘Fascination’ vert ca. 150 cm høg. Trivst best i full sol. Vil ha djup næringsrik jord som har evne til å halda på fukt. Mørk, grøne blad i krans rundt stengelen. Små, fiolette blomar i tette, lange aks. Sorten har ikkje tydeleg opprett vekstform slik som fleire andre sortar av denne arten. Ein tilrår å klippa planta litt tilbake, ca. 30-35 cm. frå toppen, tidleg i juli. Då forgreinar planta seg og set mange nye sideskudd med blomsteraks. Planta vert tett og stødig. Utan nedklipping kan denne sorten velta seg til sides. Planta med rett avstand har denne sorten god dekkevne. Attraktiv for insekt. Sorten kan og ha stor prydverdi gjennom vinteren. Nedklipping sein haust eller tidleg vår.