Veronicastrum virginicum ‘Fascination’

Veronicastrum virginicum ‘Fascination’ trivst i full sol. Vil ha næringsrik jord som ikkje har lett for å turka ut. Blømer frå august til tidleg oktober med fiolette blomar i lange aks.

Varenummer: 7071368025083 Kategori: Stikkord: ,

Beskrivelse

Kransveronika ‘Fascination’ vert ca. 150 cm høg. Trivst best i full sol. Vil ha djup næringsrik jord som har evne til å halda på fukt. Mørk, grøne blad i krans rundt stengelen. Små, fiolette blomar i tette, lange aks. Sorten har ikkje tydeleg opprett vekstform slik som fleire andre sortar av denne arten. Ein tilrår å klippa planta litt tilbake, ca. 30-35 cm. frå toppen, tidleg i juli. Då forgreinar planta seg og set mange nye sideskudd med blomsteraks. Planta vert tett og stødig. Utan nedklipping kan denne sorten velta seg til sides. Planta med rett avstand har denne sorten god dekkevne. Attraktiv for insekt. Sorten kan og ha stor prydverdi gjennom vinteren. Nedklipping sein haust eller tidleg vår.

Tilleggsinformasjon

Farge

Høyde

Blomstringsmåned

08-09