Norske villflorastauder for bruk i regnbed

Torunn Hovland Ljone og Guro Ljone, Ljono Stauder

Sist endret 8.10.2022

Urbanisering og fortetta byar med stor grad av harde flater, kombinert med hyppigare og meir intense nedbørsperiodar, fører til utfordringar med handtering av overflatevatn. Etablering av regnbed er ei rimeleg avbøtande løysing, men òg eit gode for innbyggjarar, insekt- og fugleliv.

Regnbed Geranium sylvaticum
Regnbed med Geranium sylvaticum. Bilete: Torunn Hovland Ljono

Plantene sin funksjon

Eit regnbed er ei kunstig laga plantegrop, der vatn frå tak og store asfalterte flater vert leia mot plantinga, i staden for å gå direkte til avløpssystemet. Funksjonen til anlegga er å halda tilbake overvatn fullt ut, eller midlertidig. Gjennom å minska vatnet sin fart, og dessutan redusera avrenninga, hindrar ein vatnet i å gjera skade. Korleis ein byggjer opp eit slikt regnbed reint teknisk er viktig, men vert ikkje omtala nærmare her. Me vil sjå på planter som gjer nytten. Plantene er den avgjerande faktoren med tanke på å redusera farten, og delvis hindra, vatnet sin veg mot avløpssystemet. Dei reinsar og forbrukar vatn. Rotsystemet til ulike planteslag bitt jordsmonnet og reduserer utvasking og avrenning av humus og matjord. Planter med djupt rotsystem er dei mest effektive. Med tanke på å byggja økosystem, er plantene den første byggjeklossen.

Planteval ut frå vekstvilkår

Utprøving med regnbed er enno nokså nytt her til lands. Men nokre forsøk er gjennomførte og avslutta, medan andre er på gang. Av gjennomførde forsøk kan nemnast Risvollan borettslag i Trondheim og Regnbed på Campus Ås. I regnbedet på Campus Ås, er det hovudsakleg brukt heimlege artar, men for å få ei rikare bløming er to av artane såkalla innførde. I Park & Anlegg nr. 3 i 2020 er det skrive ein artikkel om dette regnbedforsøket.

Grunna ulike klimatiske tilhøve, er det ikkje så enkelt at ein berre kan kopiera plantelister frå andre land. Sjølv om regnbeda er bygt for handtera vassmengder i nedbørsperiodar, vil det også vera periodar med fint vêr og turke. Plantene som skal veksa her må tola ha det vått og turt over tid. Mange av dei norske villflorastaudene har spesialisert seg og trivst under slike veksttilhøve. I ei regnbedplanting er det ikkje like fuktig over det heile. I botnen av gropa, der det er våtast, bør stauder som i periodar toler å stå i vatn, plasserast. Langs kantane, dei staudene som gjerne kan ha det fuktig, men òg toler ein god del turke. Fordelen med å bruka norske villfloraartar, som er naturleg høyreheimande i det aktuelle området, er at desse er tilpassa det lokale klimaet og lokalt fugle- og insektliv.

Matteuccia struthiopteris
Matteuccia struthiopteris.

Gras og blømande urter i naturleg sameksistens

Ei planting med villflorastauder bør innehalda ulike typar gras, i tillegg til dei blømande urtene. Graset er med og fyller ut tomrommet mellom urtene og tilfører plantinga mykje, funksjonelt og estetisk. Mange grasartar har dessutan eit kraftig rotsystem, dette gjev god effekt i høve reinsing, og å halda på vatnet. Det er ein føremon at ein har blømande urter eller vakre aks gjennom heile sesongen, både med tanke på insektliv, men og for å skapa større opplevingsverdi frå tidleg vår til sein haust. Døme på artar som blømer om våren er; bekkeblom og vårkål. Tidleg sommar; storfrytle, sennegras, skogsivaks, jonsokblom, strandrøyr, blodtopp, mjødurt, sverdiris, ballblom, skogstorkenebb, enghumleblom. Sommar; blåtopp, snerprøyrkvein, dronningstarr, fredlaus, strandkattehale, sverdiris, vendelrot, engminneblom, hjortetrøst. Seinsommar-haust; blåtopp, engminneblom, fredlaus, strandkattehale. Dessutan vil alle grasartane vera dekorative frå dei set aks til langt ut på hausten.

Ei slik naturplanting vil gjerne endra seg over tid. Vil ein ha eit større mangfald bør ein tenkja over om ein vil bruka dei mest invasive artane. Dei kan lett ta overhand. I oppsettet under, er dei invasive artane merka med eit kryss etter namnet. Å velja artar, som kan forsvara sin plass utan å ta luven frå naboane sine, er det beste om ein ynskjer mangfald over tid.

Døme på norske villflorastauder som høver for regnbed

Døme på artar for nedre del av regnbedet:

  • blåtopp Molinia caerulea
  • sølvbunke Deschamsia caespitosa x
  • sennegras Carex vesicaria
  • dronningstarr Carex pseuocyperus
  • strandrøyr Phalaris arundinacea x
  • soleiehov Caltha palustris
  • vårkål Ficaria verna
  • engminneblom Myosotis scorpioides
  • fredlaus Lysimachia vulgaris
  • mjødurt Filipendula ulmaria x
  • strandkattehale Lythrum salicaria
  • sverdiris Iris pseudacorus
  • ballblom Trollius europaeus
  • vendelrot Valeriana sambucifolia x
  • Døme på artar i kantsonene av regnbedet:
  • storfrytle Luzula sylvatica
  • sølvbunke Deschampsia caespitosa x
  • blåtopp Molinia caerulea
  • snerprøyrkvein Calamagrostis arundinacea
  • skogstorkenebb Geranium sylvaticum
  • blåknapp Succisa pratensis
  • enghumleblom Geum rivale
  • hjortetrøst Eupatorium cannabinum
  • blodtopp Sanguisorba officinalis
  • strutseveng Matteuccia struthipteris
  • raud jonsokblom Silene dioica
  • skogburkne Athyrum filix-femina
  • skogsivaks Scirpus sylvaticus

Iris pseudacorus
Iris pseudacorus.

Planleggjing og skjøtsel

Desse, og andre typar stauder til regnbed er i norsk produksjon, men dei fleste villfloraartane vert berre produsert etter bestilling. Difor er det svært viktig å bestilla planter alt tidleg i planleggingsprosessen. Dei fleste eignar seg godt for produksjon og utplanting som litt større typar pluggplanter. Ein må prøva plassera dei ulike artane etter kva krav/toleranse dei har til våte vekseplassar. Òg regnbed med norske villfloraplanter krev skjøtsel. I etableringsfasen kan det vera naudsynt å vatna. Ugras må fjernast, særleg i etableringsfasen. Her er det viktig med god plantekunnskap.

Ei gruppe staudeprodusentar i Norsk gartnerforbund, er med i «Villstaude-prosjektet». Dette går ut på å samla inn frø og plantemateriale av norske villflorastauder. Det vert etablert morplantefelt hjå produsentane som held til i ulike deler av landet. Desse er: Klingsheim Planteskole, Hagen i hagen, Villflor og Ljono Stauder. Som faggruppe ynskjer me å vidareformidla våre erfaringar. Ta gjerne kontakt. For å få vellukka anlegg er det viktig med god kommunikasjon mellom produsent, planleggar/bestillar og anleggsgartnar/kommunegartnar.

Regnbed med Myosotis scorpioides
Regnbed med Myosotis scorpioides.

Vilt i byen

Regnbed med villflorastauder kan verta små oasar i miljø med mykje harde flater. Plantingane er økosystem og leveområde for insekt- og dyreliv. Fleire slike anlegg i byane vil til saman danna korridorar som insekt, fuglar, og anna småkryp kan forflytta seg mellom. I tillegg vil det gje gode opplevingar for innbyggjarane, små naturområde i eit elles urbant strøk. Dei ligg òg godt til rette for innbyggarinvolvering, som til dømes skuleprosjekt, der born kan studera økosystem i miniatyr, midt i byen. Grøntanlegg som tiltak for å avlasta avløpssystemet vert nok meir aktuelt framover. Såleis vil det som i utgangspunktet er eit problem, føra med seg mange positive verknader for nærmiljøet.